Transport
Når Havila Holding skal rydde nytt land, så handlar det som oftast om den blå åkeren.
Erfaringar frå fiskeri, hav og båt la grunnlag for å gå vidare med sjøtransport, og vestlendingar har til alle tider hatt god kontakt i vesterled. På Færøyane var Havila kjende med folk og mulegheiter. Gjennom selskapet Skansabrekka gjekk ein inn i Smyril Line som fraktar passasjerar og bilar mellom Island, Færøyane og Danmark med MS Norrøna medan Smyril Line Cargo har fleire frakteskip for gods.
Det neste steget innan sjøtransport vart Fjord1. Havila får hand om alle aksjane og tek selskapet på børs i 2017. I perioden fram til 2024 då ein selde selskapet gjorde Havila dei norske fjordane grøne gjennom ein batterirevolusjon innan ferjedrift med bygging av fleire titals nullutsleppsferjer.
I 2018 får Havila Holding kontrakt med Samferdselsdepartementet på å drive fire kystruter på den tradisjonsrike strekninga Bergen-Kirkenes og no seglar Havila sine fire nye flaggskip den tradisjonsrike kystruta mellom Bergen og Kirkenes.
Havila Holding har teke i bruk nok ein del av den blå åkeren.