Samfunn
Havila Holding skal vere til nytte og gagn. Vi er opptekne av å bygge verdiar og bygge samfunn.
Kvart år støttar vi gode formål i lokalsamfunna våre i tillegg til arbeidet i Stefanusalliansen og Stephen's Children. Det gjeld Mama Maggie sitt arbeid for barna i slummen i Kairo. Mama Maggie er kalla Egypts Mor Theresa, og den kvitkledde kvinna spreier lys mellom dei 8-10 millionane koptiske kristne i landet. Ho forlet ein lovande akademisk karriere for å hjelpe barna som lever på søppelfjellet i Kairo. Mama Maggie driv i dag eit av dei største hjelpeprosjekta for fattige i Midt-Austen. Meir enn 32.000 barn får kvar dag mat, helsehjelp, skulegang – og håp.
Havila Holding behandlar søknader om støtte to gongar i året. Søknadsfristen er 15. oktober og 15. mars.
INNSENDINGSSKJEMA FOR SØKNADER
Slik behandlar Havila Holding personopplysningar.