UT PÅ FLEIRE FELT
I ein kort periode på slutten av 90-talet eig Sævik-familien verftet Simek i Flekkefjord. I 2000 går Havila igjen inn i skipsbyggingsindustrien gjennom kjøpet av verftet Kværner Leirvik, som no får namnet Havyard Leirvik og Havyard Group vert etablert.
Havila Supply vert oppkjøpt av franske Groupe Bourbon i mai 2003. Berre månader seinare, 31. juli 2003 vert Havila Shipping ASA registrert. Det skal byggast eit nytt reiarlag.
Året etter kjem Havilas første investering i reiseliv. Det skjer i vesterled. Offshore-samarbeid med reiarlag på Færøyane har opna augo for øygruppa i vest, og Havila Holding går inn i Hafna Hotel i Torshavn.
I 2005 vert Havila Shipping ASA børsnotert, og Havyard Group som til no har vore eit reint verfts-selskap, kjøper eit skipsdesignfirma. Det er starten på det som skal bli eit børsnotert maritimt teknologikonsern. I 2007 vert skips- og eigedomsinvesteringar samla i Havila Ariel, som året etter blir børsnotert. Endå nokre år seinare kjøper Sævik-familien selskapet av børs, og Havila Ariel vert familien sitt eige selskap for eigedomsinvesteringar.