Havilahuset er hovudkontoret til Havilagruppa der Havila-eigarane har kontor saman med rundt 70 tilsette i fleire Havila-selskap som Havila Service AS, Havila Shipping AS, Havila Hotels AS og Havila Kystruten AS. Huset vart tatt i bruk i 2008.

Havilahuset ligg i Fosnavåg næringspark på Mjølstadneset, heilt ute på kaikanten og berre eit steinkast unna hovudleia der Havila Kystruten passerer i ruta mellom Bergen og Kirkenes. 

Det om lag 2.000 kvadratmeter store glasbygget er sikta inn etter kompassretningane og har vorte eit landemerke der det speglar sjøen og båtane som seglar forbi medan hushjørna lutar ut og fram som ein baug som bryt bårene. Akkurat slik Havila gjer det. Ut på nye felt. Klar for nye mulegheiter.